Eg trur eg har tatt opperasjon dobbelthake litt feil.. Sanne, det var meininga at den skal bli MINDRE, ikkje større.. KLASK.
Forresten, dobbelhaka mi er ein så stor del av meg at eg har gitt hAn eit namn: PER.. <3
ånei.. chipsen angriper munnen min! -.-
Har vunnet ein veldig uoffisiell kåring av verdens dårlegaste bloggar! HURRA. Siden det er kun eg som var nominert og eg var dommar, var valget ikkje sååå vanskeleg. Men tok meg så lang tid at eg ikkje har vert innpå her siden lenge… Men må jo oppnå mitt gode rykte om å vere NR 1 i VDB !
Elles så er eg back at school, og har verkeleg følt korleis det er å ha vondt i ryggen.. trening = not my thing…
For å gå over til noko heilt motsatt av VDB så er det VBB.. Ein blogg dokke MÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅMÅ(kunne fortsatte i dagesvis) sjå.. SUPERMARIE.. veit ikkje du korleis det er å le, så merker du det her.. Ho skriv f to the antastisk og tar absurde meg f to the antastiske bilder.. WE LOVE HERE.. gratulere med å imponere ein VDB..
FØLG MED VIDARE FOR:


I går hadde eg ein 13 timer OG 15 minutters lang arbeidsdag, noke som resulterte i at eg tjente meir i går enn det eg har gjort i heile Juli månad. FUN. Sidan det er fysisk umogleg å jobbe 13timer OG 15 minutter i strekk så tok eg meg friheita til å lage ein liste over negative og positive ting om det å jobbe i 13 timer OG 15 minutter. Here it goes:
POSITIVE TING MED DET Å JOBBE I 13 TIMER og 15 MINUTTER:
- Tjener peng
- Bruker ikkje peng på unødvendige ting
NEGATIVE TING MED DET Å JOBBE I 13 TIMER og 15 MINUTTER:
- Eg eter når eg ikkje jobber: EG BLIR FEIT
- Eg blir deprimert når eg et og andre trenar
- Facebook blir kjedelig
- Alt for lite som skjer i verda slik at DB.no er underholdane kvar 10.min
- Eg drømmer om reiser eg uansett aldri vil få råd til
- Pengane eg tjener vil bli brukt opp i løp av neste månad…
OVER OG UT

Vålerenga: ingen over, ingen ved siden.
Alle er. Eg er. Alt handlar berre om korleis du er, for alle veit at du er noko. Det handlar om å gjere det beste for deg, og for andre. Det handlar om å vere deg, slik du er. Ikkje vits å prøve å vere nokon andre, for det er feil. Prøve å få andre til å respektere deg 100% som deg, og ikkje berre 50% av deg.
Ein god del av livet vårt handlar om å selje seg sjølv. Det er nettopp det å vise at du er noko, at du kan noko. I mange samanhengar må du fram med dine beste sider, og skryte litt ekstra over deg sjølv. Det gjerder ikkje berre jobb, men også når det gjeld vennar. Folk må sjå deg, og for å bli sett kan du ikkje vere stille. 
Eg er noko. Det veit alle. Eg er eit menneske på jorda. Eg er ei 17 år gammal jente. Og eg er meg sjølv. Alt detta er noko vi veit. Eg er. Alle er noko, om du trur det eller ei. Du er noko om du føler det eller ikkje. Sjølv om du er rik eller fattig, om du er mørk eller lys.
Som Jantelova seier så ”skal du ikkje tru du er noko”, men det blir feil når alle faktisk er noko. Og alle veit at nokon er klokare enn andre, nokon er betre enn andre i forskjellige ting, korleis elles skulle vi kunne kåret verdens beste fotball lag? Alle har forskjellige kunnskapar, og veit forskjellige ting. Vi ler ikkje av folk, vi ler med (som oftast). Nei, vi skal ikkje tru nokon bryr seg om deg, vi veit. Alle har nokon som bryr seg, mamma, pappa, søster, bror, venn, kjærast. Og eg veit eg ikkje kan lære deg noko, for det suger eg til. Men korleis kunne eg ha skreve detta om ingen hadde lært meg å skrive?
Vi skal alle tru vi er noko, eller vi burde vite. For uansett om du gjer noko som alle vil hate deg for, er du noko. Om du er fotballspelar og tenar 2 mill i uka, så er du noko. Ein fattig dame i Afrika er noko. Alle er noko.
Så kjære alle saman, eg med handa på hjertet kan sei at EG ER.
Det er mange som må gi opp draumejobben sin fordi dei kanskje ikkje har den rette utsjånad eller kanskje ikkje for høg nok. Mange yrker egner seg ikkje for alle, men det som utsjånad, høgde og augefarge, ting du ikkje kan gjere noko med bør ikkje vere den faktoren som ikkje gir deg jobben.
For å bli modell bør du vere mellom 15-30 år som jente og mellom 173 – 180 cm høg. Det er også viktig at dei passar kler i størrelsen 36/38, sjølv om alle veit at dei fleste modellane er mykje tynnare enn det.

Å sette ein slik hard konklusjon på kven egner seg og kven egner seg ikkje, syns eg blir feil. Det vil vere det same som å sei at for å vere sjukepleiar kan ikkje du vere høgre enn 172 cm og bør helst ikkje ha større pupper enn B-cup, for det kan forstyrre pasientane.
Ingen bestemmer sjølv korleis ein vil sjå ut når ein blir vaksen. Du bestemmer ikkje kor høg du blir og heller ikkje at du blir blod med blå auger. Det er noko som blir bestemt for deg, og du har liten muligheit til å forandre så mykje på det. Sidan vi ikkje kan gjere noko med korleis vi ser ut, kvifor skal mange vere så avhengige av utsjånad og kjønn for å få ein jobb?
Kvinne eller mann, det er sjølvsagt ein stor forskjell her. Det er yrker som ikkje egner seg, eller blir ikkje tenkt på som kvinne yrker, til dømes brannmann. Men yrker som er meir kvinnelege blir meir og meir menn i, slik som stylist, frisør og designar. Vi reagerer ikkje på det, men når menn får meir lønn i same jobben som kvinna, kan vi begynne å lure.
Yrker er diskriminerande, det er noko vi berre må innsjå, men ikkje gi opp av den grunn. Er du 166 cm høg og har modell som draumejobb, prøv deg fram. Ein gong møter du kanskje nokon som ser deg, og alt blir snudd på hovudet.
Eg synst ikkje du skal tenkje på om du er pen eller ikkje, om du er høg eller ikkje. Er det noko du vil, jobb deg oppover, vis at du brenner for det. Ikkje la nokon dumme reglar eller janteloven ta overhand. Betre å prøve enn å berre gi opp.

Er det vanskelegare for ei jente å få den gutten ho vil ha, enn det er for en gutt å få den jenta han vil ha?